Kreativitet har vore ein del av livet mitt sidan eg var gammal nok til å halde ein blyant eller penn. 

Fødd og oppvaksa i vakre Nordfjord, gjer at naturen har vore ei store kilde til inspirasjon, så fjell, hav, elv og tre er ynda motiv. Kvinneskikkelsen, fuglar og augestikker er og ofte å sjå i verka mine.

Er utdanna faglærar i treforming og teikning, har kurs i flatvev og billedvev, akrylmaling og akvarell. Eg syr lappeteknikk og lager smykker av ekte stein og krystaller. Liker ofte å bruke mixed media teknikker i  billedkunsten min.


I 2022 og 2023 var eg elev hjå  kunstner Sandie Carol Dougnac, ein kjent street art kunstner og fotograf med atelier i Paris og Avignon. Sandie lærte meg å trykke svart kvitt foto på lerret, som eg håndkolorerte med soft pasteller og akrylmaling.

Ein kan skape mykje vakkert med ord, musikk eller song, men for meg er form og farge det ultimate kjærleiksspråket.

Farger og pensel blir verktøy for å bearbeide opplevelser, tankar og emosjoner. Fortelje det som er vanskelig å seie med ord. Noko eg vil dele og håper andre vil forstå eller gjenkjenne.

At djupt i vårt indre, ligg det guddommelige; sjela vår, alt vi er, det sårbare, minner, visdom, innsikt, glede, sorg, stjernestøvet, sol og måne.... og det vil eg prøve å formidle på min måte, gjennom kunsten min.


"Jeg drømmer maleriet mitt, og maler drømmen min"  -  Vincent Van Gogh